Casiokids, som har blitt kalla «det største frå Noreg sidan black metal» av NME, har med sine norske tekstar og rytmiske beat hatt stor internasjonal suksess det siste året. Med den nye plata «Topp Stemning På Lokal Bar» var det duka for dans og moro på NHH denne kvelden.
Seint, men godt
Til tross for at bandet kom på scena godt over ein time etter planen, gjorde kidsa sitt beste for at publikum kosa seg. Med rytmiske takter, kule beatar og dansing på scena kom både band og publikum i slag, og stemninga gjorde ikkje anna enn å stige.
Allsidige og tøffe som gutta er, hoppa dei rundt på scena og bytta på å spele dei ulike instrumenta. Det var tydeleg å sjå at dei hadde ein leiken og god tone seg imellom som smitta over på publikum.
Fann bikkjen
Utover i konserten steig forventningane i det intime lokalet, og når Casiokids til slutt spelte hiten «Finn Bikkjen» var publikum i ekstase. Synginga ville ingen ende ta, heller ikkje dansinga. Med så fengande musikk kunne ikkje publikum anna enn å danse med, og det var lett å sjå at dei la det dei hadde av moves og krefter i utføringa. Kidsa avslutta konserten med slageren «Fot I Hose», ein verdig slutt på ein fantastisk konsert.
Som stolte funkensjonærar kan vi ikkje anna enn å konkludere med at Casiokids og NHH er ein perfekt kombinasjon – rett og slett som fot i hose.
Neste konsert under UKEN 10 er på førstkommande onsdag, då banda Kråkesølv, Kathinka og Mr. Jones skal spele under «The Next Big Thing» i campus. Før den tid er det Temptation Candyland i aulaen, så her er det mykje å glede seg til!
Foto: Ole Kristian Hermansen