Current Articles | Kategorier | Search | RSS-feed

Slaget om Festplassen

Hald av tysdag 9.mars. Med eit fullspekka program ynskjer UKEN10 studentar frå heile byen velkomen til ein fartsfylt og morosam dag.

Hogne Ulla
Thursday, March 04, 2010
 

 

Tradisjonen tru blir det også under UKEN10 arrangert ein studentdag. Dette suksessrike arrangementet er eit svært positivt tiltak for eit meir inkluderande miljø mellom studantane i Bergen. Tysdag 9.mars klokka 14.00 møtest troppane frå dei respektive fakulteta til dyst på Festplassen, i hjartet av Hansabyen.

Alle skal få

I år er det med studentar både frå  BI, HiB, UiB, NHH og Sjøkrigsskolen. Dette gleder ansvarleg for studentdagen Martin Neverdahl Eide . - Studentdagen har som mål å knyte band mellom studentar i Bergen på tvers av studieretningar. Saman med våre eksterne fUKENsjonærar har vi no klart å samle historisk mange fakultet. Det er vi svært nøgde med.

Adrenalinkick

Årets arrangement startar med eit pang. Det heile opnar med ein ellevill og adrenalinpumpande stafett. Løypa endar opp på ein standplass der ein skal skyte ballongar som inneheld fordelar og ulemper for seinare aktivitetar.

Premiedryss

Når alle konkurransane er ferdige er det duka for medaljeseremoni. Her vil vinnarlaget bli kåra, men det blir også andre sjansar til å fylle premieskapet. Kreative studentar samt heiagjengar blir også premierte. 

Alt ligg til rette for ein strålande dag. Bli med du også! Set av tysdag 9.mars klokka 14.00. Vi møtest på Festplassen.

Foto: Arkiv