Current Articles | Kategorier | Search | RSS-feed

UKEbussopning på Torgallmenningen

Laurdag 13. februar vil Bergen by nok ein gong bli fylt av UKEglede. Då er det  endeleg klart for storstilt opning av UKEbussen Torvall Menningen.

Hogne Ulla
Thursday, February 11, 2010
 

I vekesvis har billettgruppa til UKEN10 jobba med å ”freshe” opp UKEbussen. Førstkomande laurdag får vi alle sjå resultatet. Helene Wergeland, som har stått i spissen for arbeidet, ser fram til opninga.

– Det blir kjekt å sjå bussen på Torgallmenningen. Det er der den høyrer heime. Vi satsar på skryt og håper folk synest at bussen er blitt fin.

Også Håvard Helgesen frå PR arrangement gler seg.

– Vi håper flest muleg tek turen inn i byen. Dette blir legendarisk!
 

Pregar Bergen
Ikkje overraskande vil sjølve seremonien finne stad på Torgallmenningen i hjartet av Hansabyen. Her har den flotte bussen henta inspirasjon til sitt namn, ein buss som annankvar vår i ei årrekkje har prega bymiljøet i Bergen. 

Torvall Menningen har som oppgåve å spreie UKEglede samt gjere det lettare for sentrumsstudentar og andre å sikre seg billettar til UKEN i mars.
 
Mr. Jones kjem
Opninga er absolutt noko å få med seg. Det vil blant annet bli innslag frå både UKEkoret Optimum og Direksjonsmusikken. UKEsjef Kristen Holt vil sjølvsagt kome med nokre velvalte ord og høgtideleg erklære UKEbussen for opna. I tillegg til alt dette kjem sjølvaste Mr. Jones frå ”Kakkmaddafakka” til å opptre.

Sjølv om temperaturen skulle våge seg under frysepunktet er det ingen grunn til å fortvile. I ekte UKEånd blir det servert nysteikte vaflar og varm toddy heilt gratis. Her er det berre å ta med seg vener, familie og ekskjærestar til Torgallmenningen klokka 13.00 for ein strålande start på laurdagen.