|
|
 |
|
|
|
|
|
UKEN fyller 30 år
Det blir ei skikkelig feiring av UKEhistoria når gamle revyheltar gjer comeback, og vi får ein symfoniversjon av hiten ”Mamma”.
red uken
Wednesday, February 03, 2010
|
 |
|
|
Fredag 5. mars inviterer UKEN til storslått feiring i aulaen. Med symfoniorkester på 50 menn og kvinner, gode gamle UKEsongar i ny symfoniinnpakking, og ein jubileumsrevy av dei sjeldne kan ikkje dette bli anna enn ein legendarisk bursdagsfest.
I revyen vil ein finne både interne og eksterne aktørar som skal ta publikum gjennom UKEN si historie. På ferda vil ein få servert gamle slagerar som ”Sandkassa” og nye hitar som ”Mamma”. Med andre ord litt for ein kvar smak.
Med ein visjon ”om å få folk til å le og grine om kvarandre”, har jubileumsansvarleg Ole-Andreas Grendstadbakk tru på at dette vert ein fantastisk kveld. UKEN gledar seg, og håpar du tek turen!

ØVER SEG: Musikarar frå UKEorkesteret, Big Business Band, Bergen Unge Kammerorkester, Bergen Filharmoniske Orkester og Grieg-akademiet skal spele saman i symfoniorkester under jubileumsrevyen.

|
|
|
|
|
|
|
|
|