Current Articles | Kategorier | Search | RSS-feed

UKEkoret Optimum

 I fjor feira dei sitt 25års-jubileum, neste år er dei igjen klare for UKEN. 

Hogne Ulla
Thursday, December 24, 2009
 

 Eimen av nyskrella klementin har nettopp lagt seg over eksamenslokalet på Merino. Plutseleg ut av ingenting startar det. Ei svak plystring etterfølgt av nynning. Ganske høg nynning. Du spissar øyrene og som ein forskrekka katt går det opp for deg at teksten er av det grove laget. Har du opplevd ei liknande episode? Ikkje? Vel, det er ingen grunn til å fortvile. Desse plystre- og nynneglade skapningane er nemlig UKEkoret Optimum. Ein gjeng du garantert kjem til å høyre mykje av framover, både før og under UKEN.

 

Like samansveisa som ein tysk bunker er dei 25 medlemmane. Dei er fordelt på dei fire stemmegruppene sopran, alt, tenor og bass. Optimum er på ingen måte eit vanleg kor. Det er ulikt dei andre på NHH. Dette koret er nemleg eit blandakor, med andre ord ein finfin miks av jenter og gutar. Og som om ikkje det var nok syng dei a capella. Det betyr kort sagt – ingen instrument. Likevel har ikkje dette lagt nokon dempar på kvaliteten av produktet. Optimum syng nemlig firestemt, noko som får sjølvaste Sølvguttene til å sveitte.

 

Det er historisk sus over UKEkoret. I fjor (2008) feira dei sitt 25 års – jubileum. ”Det var en typisk bergenshøst og året var 1983, da et vokalt, ektefødt barn av UKEN i Bergen for første gang så lyset. En broket forsamling av barske bærer og stolte menn ved NHH gikk frivillig gjennom en musikalsk miksmaster og fremsto som blandakoret Optimum”. Slik presenterte koret seg i 1988 då dei gav ut plate. Plate har det også blitt i år, då i samanheng med NHH Aid. Optimum er nemleg stolte over å delta på juleplata som har blitt selt i bøtter og spann.

 

UKEkoret er stadig på nye eventyr. Tidlegare i haust song dei saman med andre kor under UKA i Trondheim. Før UKEN skal også Optimum i tospann med Rabalder promotere festivalen, det blir neppe lydlaust. I tillegg må sjølvsagt nye songar øvast inn. Blant anna kjem vi til å få høyre rockebandet Queen si låt ”Don’t stop me now” i ny innpakning. Ein annan melodi som får ny tekst er Tom Jones sin karaokeslager ”Sex bomb”. Dessutan blir også kjente og kjære UKEsongar som Sandkassa og UKEjive å finne på repertoaret.

 

Under UKEN vil Optimum vere å finne både på UKENbussen og på arrangement som eldredagen og karrieredagen. Dessutan vil dei opptre i Jubileumsrevyen. Det er berre å gni seg i hendene og glede seg ekstra til UKEN og til å få oppleve Optimum. Vi avsluttar med slagordet til koret: Nil satis nisi Optimum = kun det beste er godt nok.