Tekst: Jostein Vinsrygg og Martin Andestad
Foto: Lars Klundby og Audun Bakke Andersen
Det var ikkje stemninga det skulle stå på då DDE entra scena og leverte ein forrykande konsert i Aulaen onsdag kveld. Med 16 år på baken har bandet blitt eit fenomen i norsk musikkbransje. Men sjølv om hårfestet er høgare og magen større enn då dei byrja, kan ein ikkje seie noko på tempoet og innsatsen til trønderguruane.
Trønderstemninga var allereie godt forankra hos publikum etter Trøndervorset i Campus tidlegare på kvelden. Her var det høg barteføring, og ein skulle ikkje kimse av synet av ein skinnvest her og der. For dei var det fleire av.
Stor stemning i Aulaen
Bandet gav instruksar til publikum frå første låt, Vi ska fæst. Og fest vart det. Det er faktisk
uvisst om det var publikum som fekk med seg DDE eller om det var DDE som fekk med seg publikum. Stemninga var i alle fall på topp frå første stund. Kjende og kjære låtar som Vinsjan på kaia, Rai Rai og Vi e konga stod sjølvsagt på repertoaret utover kvelden, til publikum si elleville oppgløding.
Som seg hør og bør vart det både klamt og varmt i Aulaen under konserten. Enkelte, meir entusiastiske enn andre, reiv av seg fleire klesplagg, jf Bjarne Brøndbo. Til publikum si store begeistring enda han til slutt opp i bar overkropp. Men då vi snakka med han etter konserten var det ikkje ølmagen han ville trekke fram som si finaste side. Derimot var det rompa samtala dreia seg om. Oppskrifta hans er hard trening med berre fokus på rompa. Samstundes er det ikkje berre på grunn av si eiga rompe at songen vart skreven.
– Songen handlar om kva gutar og jenter likar å sjå på hos kvarandre. Rompa er viktig!
Då DDE gjekk av scena etter eit halvannan times storstilt show, var det ikkje tvil om at publikum var godt nøgde med konserten. Slitne og feststemte gjekk dei vidare og heldt fram festen i Kjellaren, nokon heilt til sola sto opp. Artistane sjølve var rånøgde m
ed både eigen og publikum sin innsats.
– Det var eit ekstremt trøkk som overgjekk alle forventningar. Litt sånn oææææ, som gitarist og låtskrivar Frode Viken så vakkert ordla seg. Han fekk støtte frå dei andre.
Beinhard jobbing
Dei legg ikkje skjul på at det er beinhard jobbing som har ført gruppa dit dei er i dag; til ein posisjon som eit av Noregs aller beste live-band.
– Vi går på scena med eit mål for auget; å vinne alle kampane, heime så vel som borte. Vi skal knuse dei, sa Bjarne Brøndbo med eit glimt i auget.
Og sjølv om flyet til Bergen var litt forsinka på grunn av snøkave, kom dei til slutt trygt fram til NHH. Dei kunne vidare opplyse om at flyreisa var noko dei ikkje slapp unna denne gongen. E6 går nemleg ikkje frå Namsos til Bergen!